42 Likevel var det mange som tok til å tru på han, til og med av rådsherrane. Men på grunn av farisearane ville dei ikkje vedkjenna seg dette, så dei ikkje skulle bli utstøytte av synagogen.
43 For dei elska æra frå menneska høgare enn æra frå Gud.
44 Men Jesus ropa ut: «Den som trur på meg, trur ikkje på meg, men på han som har sendt meg.
45 Og den som ser meg, ser han som har sendt meg.
46 Som lys er eg komen til verda, så ingen som trur på meg, skal bli verande i mørkret.
47 Den som høyrer orda mine og ikkje tek vare på dei, dømmer ikkje eg. For eg er ikkje komen for å dømma verda, men for å frelsa verda.
48 Den som seier nei til meg og ikkje tek imot orda mine, har ein dommar over seg: Det ordet eg har tala, skal dømma han på den siste dagen.