8 Dei fattige har de alltid hos dykk, men meg har de ikkje alltid.»
9 Den store mengda av jødar som var samla, fekk no vita at Jesus var i Betania. Og dei kom dit, ikkje berre for Jesu skuld, men òg for å sjå Lasarus, som han hadde vekt opp frå dei døde.
10 Då la overprestane planar om å drepa Lasarus òg,
11 for mange av jødane drog dit for hans skuld og kom til tru på Jesus.
12 Dagen etter fekk den store folkemengda som var komen til høgtida, høyra at Jesus var på veg inn i Jerusalem.
13 Då tok dei palmegreiner og gjekk ut for å møta han, og dei ropa: Hosianna! Velsigna er han som kjem i Herrens namn, Israels konge!
14 Jesus fann seg eit ungt esel og sette seg på det, som det står skrive: