1 Det var like før påskehøgtida, og Jesus visste at timen hans var komen då han skulle fara bort frå denne verda og til Far sin. Han hadde elska sine eigne som var i verda, og han elska dei heilt til det siste.
2 Då dei heldt måltid, hadde djevelen alt gjeve Judas, son til Simon Iskariot, den tanken i hjartet at han skulle svika han.
3 Jesus visste at Far hadde gjeve alt i hans hender, og at han hadde gått ut frå Gud og gjekk til Gud.
4 Då reiser han seg frå måltidet, legg av seg kappa og tek eit linklede og bind om seg.