14 Når no eg, herren og meisteren, har vaska føtene dykkar, då skyldar de òg å vaska føtene til kvarandre.
15 Det er eit føredøme eg har gjeve dykk: Som eg har gjort mot dykk, skal de òg gjera.
16 Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Ein tenar er ikkje større enn herren sin, og ein utsending er ikkje større enn den som har sendt han.
17 No veit de dette. Og sæle er de så sant de gjer etter det.
18 Eg talar ikkje om dykk alle, for eg veit kven eg har valt ut. Men dette ordet i Skrifta må oppfyllast: Den som et mitt brød, lyfte hælen mot meg.
19 Eg seier det til dykk no, før det hender, slik at de, når det hender, skal tru at Eg er.
20 Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Den som tek imot ein eg sender, tek imot meg. Og den som tek imot meg, tek imot han som har sendt meg.»