2 Då dei heldt måltid, hadde djevelen alt gjeve Judas, son til Simon Iskariot, den tanken i hjartet at han skulle svika han.
3 Jesus visste at Far hadde gjeve alt i hans hender, og at han hadde gått ut frå Gud og gjekk til Gud.
4 Då reiser han seg frå måltidet, legg av seg kappa og tek eit linklede og bind om seg.
5 Så slår han vatn i eit fat og tek til å vaska føtene til læresveinane og tørka dei med handkledet som han har om livet.
6 Han kjem til Simon Peter, og Peter seier til han: «Herre, vaskar du mine føter?»
7 Jesus svara: «Det eg gjer, forstår du ikkje no, men du skal skjøna det sidan.»
8 «Aldri i æva om du skal vaska føtene mine», seier Peter. «Dersom eg ikkje vaskar deg, har du ingen del i meg», svara Jesus.