21 Då Jesus hadde sagt dette, vart han opprørt i sitt indre og sa rett ut: «Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Ein av dykk kjem til å svika meg.»
22 Læresveinane såg på kvarandre; dei skjøna ikkje kven han meinte.
23 Ein av dei, den læresveinen som Jesus hadde kjær, låg ved sida av Jesus ved bordet.
24 Simon Peter nikka til han for at han skulle spørja kven han meinte.
25 Han bøygde seg då nærare inntil Jesus og sa: «Herre, kven er det?»
26 Jesus svara: «Det er han som eg gjev den biten eg no dyppar.» Så dyppa han ein bit i fatet og gav han til Judas, son til Simon Iskariot.
27 Då Judas hadde fått biten, fór Satan i han. Jesus seier til han: «Gjer det snart, det du vil gjera.»