1 Lat ikkje hjartet dykkar uroast! Tru på Gud og tru på meg!
2 I huset til Far min er det mange rom. Var det ikkje slik, hadde eg då sagt dykk at eg går og vil gjera klar ein stad til dykk?
3 Og når eg har gått og gjort klar ein stad til dykk, kjem eg att og tek dykk til meg, så de skal vera der eg er.
4 Og dit eg går, veit de vegen.»
5 Tomas seier til han: «Herre, vi veit ikkje kvar du går; korleis kan vi då vita vegen?»
6 Jesus seier: «Eg er vegen, sanninga og livet. Ingen kjem til Far utan gjennom meg.