3 Og når eg har gått og gjort klar ein stad til dykk, kjem eg att og tek dykk til meg, så de skal vera der eg er.
4 Og dit eg går, veit de vegen.»
5 Tomas seier til han: «Herre, vi veit ikkje kvar du går; korleis kan vi då vita vegen?»
6 Jesus seier: «Eg er vegen, sanninga og livet. Ingen kjem til Far utan gjennom meg.
7 Har de kjent meg, skal de òg kjenna Far min. Frå no av kjenner de han og har sett han.»
8 Filip seier til han: «Herre, syn oss Far, det er nok for oss.»
9 Jesus svarar: «No har eg vore så lang ei tid saman med dykk, og du kjenner meg ikkje, Filip? Den som har sett meg, har sett Far. Korleis kan du då seia: ‘Syn oss Far’?