3 De er alt reine på grunn av det ordet eg har tala til dykk.
4 Ver i meg, så er eg i dykk. Som greina ikkje kan bera frukt av seg sjølv, men berre når ho er på vintreet, slik kan heller ikkje de bera frukt viss de ikkje er i meg.
5 Eg er vintreet, de er greinene. Om de blir i meg og eg i dykk, då ber de mykje frukt, men skilde frå meg kan de ingen ting gjera.
6 Den som ikkje blir verande i meg, blir kasta ut som ei grein og visnar. Greinene blir samla saman og kasta på elden, og dei brenn.
7 Blir de verande i meg, og blir orda mine verande i dykk, så be om kva de vil, og de skal få det.
8 For ved dette lyser herlegdomsglans om Far min, at de ber mykje frukt og blir mine læresveinar.
9 Som Far har elska meg, har eg elska dykk. Ver i min kjærleik!