7 Blir de verande i meg, og blir orda mine verande i dykk, så be om kva de vil, og de skal få det.
8 For ved dette lyser herlegdomsglans om Far min, at de ber mykje frukt og blir mine læresveinar.
9 Som Far har elska meg, har eg elska dykk. Ver i min kjærleik!
10 Held de boda mine, er de i min kjærleik, slik eg har halde boda til Far min og er i hans kjærleik.
11 Dette har eg tala til dykk så mi glede kan vera i dykk og gleda dykkar kan bli fullkomen.
12 Og dette er bodet mitt: De skal elska kvarandre som eg har elska dykk.
13 Ingen har større kjærleik enn den som gjev livet sitt for venene sine.