9 Som Far har elska meg, har eg elska dykk. Ver i min kjærleik!
10 Held de boda mine, er de i min kjærleik, slik eg har halde boda til Far min og er i hans kjærleik.
11 Dette har eg tala til dykk så mi glede kan vera i dykk og gleda dykkar kan bli fullkomen.
12 Og dette er bodet mitt: De skal elska kvarandre som eg har elska dykk.
13 Ingen har større kjærleik enn den som gjev livet sitt for venene sine.
14 De er venene mine så sant de gjer det eg byd dykk.
15 Eg kallar dykk ikkje tenarar lenger, for tenaren veit ikkje kva herren hans gjer. Eg kallar dykk vener, for eg har fortalt dykk alt eg har høyrt av Far min.