14 Han skal herleggjera meg, for han skal ta av det som er mitt, og forkynna det for dykk.
15 Alt det som Far min har, er mitt. Difor sa eg at han skal ta av det som er mitt, og forkynna det for dykk.
16 Om ei lita stund ser de meg ikkje lenger, og om endå ei lita stund skal de få sjå meg.»
17 Då sa nokre av læresveinane hans seg imellom: «Kva meiner han med det han seier til oss: ‘Om ei lita stund ser de meg ikkje, og om endå ei lita stund skal de få sjå meg’ og: ‘Eg går til Far’?
18 Kva tyder dette: ‘om ei lita stund’? Vi skjønar ikkje kva han snakkar om.»
19 Jesus visste at dei ville spørja han, og han sa: «Snakkar de om det eg sa: ‘Om ei lita stund ser de meg ikkje, og om endå ei lita stund skal de få sjå meg’?
20 Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: De skal gråta og klaga, men verda skal gleda seg. De skal sørgja, men sorga skal vendast til glede.