22 På same måten er det med dykk. No er de fylte av sorg, men eg skal sjå dykk att, og hjartet dykkar skal gleda seg, og den gleda skal ingen ta ifrå dykk.
23 Den dagen skal de ikkje spørja meg om noko. Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Bed de Far om noko, skal han gje dykk det i mitt namn.
24 Til no har de ikkje bede om noko i mitt namn. Be, så skal de få, slik at gleda dykkar kan vera fullkomen.
25 Dette har eg sagt dykk i likningar. Det kjem ei tid då eg ikkje lenger skal tala til dykk i likningar, men ope og rett fram fortelja dykk om Far.
26 Den dagen skal de be i mitt namn; eg seier ikkje at eg skal spørja Far for dykk då.
27 For Far sjølv elskar dykk fordi de har elska meg og trudd at eg har gått ut frå Gud.
28 Eg har gått ut frå Far og er komen til verda. No dreg eg bort frå verda att og går til Far.»