27 For Far sjølv elskar dykk fordi de har elska meg og trudd at eg har gått ut frå Gud.
28 Eg har gått ut frå Far og er komen til verda. No dreg eg bort frå verda att og går til Far.»
29 Då sa læresveinane: «No talar du rett fram og ikkje i likningar.
30 No skjønar vi at du veit alt og ikkje treng at nokon spør deg. Difor trur vi at du har gått ut frå Gud.»
31 Jesus svara: «Trur de no?
32 Det kjem ei tid, ja, ho er alt komen, då de skal spreiast og gå kvar til sitt og la meg vera att åleine. Men eg er ikkje åleine; Far er med meg.
33 Dette har eg sagt dykk så de skal ha fred i meg. I verda har de trengsler, men ver frimodige: Eg har sigra over verda!»