6 For hjartet dykkar er fullt av sorg fordi eg har sagt dette.
7 Men eg seier dykk som sant er: Det er det beste for dykk at eg går bort. For går ikkje eg bort, kjem ikkje Talsmannen til dykk. Men går eg bort, skal eg senda han til dykk.
8 Og når han kjem, skal han gå i rette med verda og visa henne kva synd er, kva rettferd er, og kva dom er:
9 Synda er at dei ikkje trur på meg.
10 Rettferda er at eg går til Far, og de ser meg ikkje lenger.
11 Dommen er at han som herskar over denne verda, er dømd.
12 Enno har eg mykje å seia dykk, men de kan ikkje bera det no.