1 Då Jesus hadde sagt dette, lyfte han auga mot himmelen og sa:«Far, timen er komen. Lat herlegdom lysa om Son din, så Sonen kan la herlegdom lysa om deg.
2 For du har gjeve han makt over alt som menneske heiter, så han skal la alle dei som du har gjeve han, få evig liv.
3 Og dette er det evige livet, at dei kjenner deg, den einaste sanne Gud, og han du sende, Jesus Kristus.
4 Eg lét herlegdom lysa om deg på jorda då eg fullførte det verket du gav meg å gjera.
5 Så lat no herlegdom lysa om meg, Far, den herlegdom eg hadde hos deg før verda vart til.
6 Eg har openberra ditt namn for dei menneske du gav meg frå verda. Dei var dine, og du gav dei til meg, og dei har halde fast på ordet ditt.
7 No veit dei at alt det du har gjeve meg, er frå deg.