15 Eg bed ikkje at du skal ta dei ut av verda, men at du må vara dei frå det vonde.
16 Dei er ikkje av verda, slik eg ikkje er av verda.
17 Helga dei i sanninga, ditt ord er sanning.
18 Som du har sendt meg til verda, har eg sendt dei til verda.
19 Eg helgar meg for dei, så dei òg skal helgast i sanninga.
20 Eg bed ikkje berre for desse, men for alle dei som gjennom deira ord kjem til å tru på meg.
21 Eg bed at dei alle må vera eitt, slik du, Far, er i meg og eg i deg. Slik skal dei òg vera i oss, så verda skal tru at du har sendt meg.