17 Helga dei i sanninga, ditt ord er sanning.
18 Som du har sendt meg til verda, har eg sendt dei til verda.
19 Eg helgar meg for dei, så dei òg skal helgast i sanninga.
20 Eg bed ikkje berre for desse, men for alle dei som gjennom deira ord kjem til å tru på meg.
21 Eg bed at dei alle må vera eitt, slik du, Far, er i meg og eg i deg. Slik skal dei òg vera i oss, så verda skal tru at du har sendt meg.
22 Den herlegdomen som du har gjeve meg, har eg gjeve dei, så dei skal vera eitt slik som vi er eitt:
23 eg i dei og du i meg, så dei heilt og fullt kan vera eitt. Då skal verda skjøna at du har sendt meg, og at du har elska dei slik du har elska meg.