2 For du har gjeve han makt over alt som menneske heiter, så han skal la alle dei som du har gjeve han, få evig liv.
3 Og dette er det evige livet, at dei kjenner deg, den einaste sanne Gud, og han du sende, Jesus Kristus.
4 Eg lét herlegdom lysa om deg på jorda då eg fullførte det verket du gav meg å gjera.
5 Så lat no herlegdom lysa om meg, Far, den herlegdom eg hadde hos deg før verda vart til.
6 Eg har openberra ditt namn for dei menneske du gav meg frå verda. Dei var dine, og du gav dei til meg, og dei har halde fast på ordet ditt.
7 No veit dei at alt det du har gjeve meg, er frå deg.
8 For dei orda du gav meg, har eg gjeve dei. Og dei har teke imot og verkeleg forstått at eg har gått ut frå deg, og dei har kome til tru på at du har sendt meg.