8 For dei orda du gav meg, har eg gjeve dei. Og dei har teke imot og verkeleg forstått at eg har gått ut frå deg, og dei har kome til tru på at du har sendt meg.
9 Eg bed for dei. Eg bed ikkje for verda, men for dei som du har gjeve meg, for dei er dine.
10 Alt mitt er ditt, og det som er ditt, er mitt, og eg har vorte herleggjord gjennom dei.
11 Eg er ikkje lenger i verda, men dei er i verda, og eg går til deg. Heilage Far, hald dei fast i ditt namn, det namnet du har gjeve meg, så dei kan vera eitt slik som vi er eitt.
12 Då eg var hos dei, heldt eg dei fast i ditt namn, det namnet som du har gjeve meg. Eg vakta dei, og ingen av dei gjekk fortapt utan fortapingssonen, så Skrifta skulle oppfyllast.
13 No kjem eg til deg. Men dette seier eg medan eg er i verda, så dei skal ha mi glede i seg i fullt mål.
14 Eg har gjeve dei ditt ord. Men verda hatar dei fordi dei ikkje er av verda, slik eg ikkje er av verda.