1 Då Jesus hadde sagt dette, gjekk han ut saman med læresveinane sine og over til andre sida av Kedron-bekken. Der var det ein hage, og den gjekk dei inn i.
2 Men Judas, svikaren, kjende òg den staden, for Jesus og læresveinane hadde ofte kome saman der.
3 Judas hadde fått med seg vaktstyrken og nokre menn frå overprestane og farisearane, og no kom dei dit med faklar og lamper og våpen.
4 Jesus visste om alt det som venta han, og gjekk fram og spurde dei: «Kven leitar de etter?»
5 «Jesus frå Nasaret», svara dei. «Det er eg», seier Jesus. Judas, svikaren, var saman med dei, han òg.
6 Då Jesus sa: «Det er eg», tumla dei bakover og fall til jorda.