10 Simon Peter hadde eit sverd, og det drog han og hogg etter tenaren til øvstepresten og sneidde av han høgre øyret. Tenaren heitte Malkos.
11 Men Jesus sa til Peter: «Stikk sverdet i slira! Lyt eg ikkje drikka det begeret som Far har gjeve meg?»
12 Vaktstyrken, kommandanten og vaktmennene til jødane greip no Jesus og batt han.
13 Først førte dei han til Annas, for han var svigerfar til Kaifas, som var øvsteprest det året.
14 Det var Kaifas som hadde gjeve jødane det rådet at det var best om eitt menneske døydde for folket.
15 Simon Peter og ein annan læresvein følgde etter Jesus. Denne læresveinen var kjend med øvstepresten, og han kom inn på gardsplassen til øvstepresten saman med Jesus.
16 Men Peter vart ståande utanfor ved porten. Den læresveinen som var kjend med øvstepresten, gjekk då ut og tala med tenestejenta som vakta porten, og fekk Peter med seg inn.