18 Det var kaldt, så tenarane og vaktmennene hadde tent eit bål og stod og vermde seg ved glørne. Peter vart òg ståande der saman med dei og vermde seg.
19 Øvstepresten spurde no Jesus ut om læresveinane hans og om læra hans.
20 «Eg har tala ope for heile verda», svara Jesus. «Eg har alltid undervist i synagogar og i tempelet, der alle jødar kjem saman; eg har aldri tala i løynd.
21 Men kvifor spør du meg? Spør heller dei som har høyrt meg, kva eg har tala til dei om. Dei veit kva eg har sagt.»
22 Ein av vaktmennene som stod der, slo då Jesus i andletet og sa: «Er det slik du svarar øvstepresten?»
23 Jesus sa til han: «Sa eg noko urett, så vis at det var urett! Men var det rett, kvifor slår du meg då?»
24 Så sende Annas han bunden til øvstepresten Kaifas.