29 Pilatus gjekk då ut til dei og sa: «Kva skuldingar har de mot dette mennesket?»
30 Dei svara: «Var han ikkje ein forbrytar, hadde vi ikkje gjeve han over til deg.»
31 «Ta han de», sa Pilatus, «og døm han etter dykkar eiga lov!» Men jødane svara: «Vi har ikkje rett til å ta livet av nokon.»
32 Slik skulle det oppfyllast, det ordet Jesus hadde sagt då han lét dei få vita kva slag død han skulle lida.
33 Pilatus gjekk då på nytt inn i borga. Han kalla Jesus til seg og sa: «Er du kongen over jødane?»
34 Jesus svara: «Seier du dette av deg sjølv, eller har andre sagt dette om meg?»
35 «Er vel eg jøde?» sa Pilatus. «Ditt eige folk og overprestane har gjeve deg over til meg. Kva har du gjort?»