13 Då Pilatus høyrde det, førte han Jesus ut av borga og sette seg i dommarsetet på ein stad dei kallar Helleplassen, på hebraisk Gabbata.
14 Det var helgaftan før påske, omkring den sjette timen. Så seier Pilatus til jødane: «Sjå kongen dykkar!»
15 Men dei ropa: «Bort med han, bort med han! Krossfest han!» «Skal eg krossfesta kongen dykkar?» spurde Pilatus. «Vi har ingen annan konge enn keisaren», svara overprestane.
16 Då gav han Jesus over til dei så han skulle krossfestast.Så tok dei Jesus med seg.
17 Han bar sjølv krossen sin og gjekk ut til den staden dei kallar Hovudskallen, på hebraisk Golgata.
18 Der krossfeste dei han, og saman med han to andre, ein på kvar side, og Jesus midt mellom dei.
19 Pilatus hadde laga ei innskrift og sett på krossen. Der stod det skrive:«Jesus frå Nasaret, kongen over jødane.»