17 Han bar sjølv krossen sin og gjekk ut til den staden dei kallar Hovudskallen, på hebraisk Golgata.
18 Der krossfeste dei han, og saman med han to andre, ein på kvar side, og Jesus midt mellom dei.
19 Pilatus hadde laga ei innskrift og sett på krossen. Der stod det skrive:«Jesus frå Nasaret, kongen over jødane.»
20 Mange av jødane las denne innskrifta, for staden der Jesus vart krossfest, låg nær byen, og innskrifta var på hebraisk, latin og gresk.
21 Overprestane til jødane sa då til Pilatus: «Skriv ikkje: ‘Kongen over jødane’, men skriv: ‘Han sa: Eg er kongen over jødane’.»
22 Pilatus svara: «Det eg skreiv, det skreiv eg.»
23 Då soldatane hadde krossfest Jesus, tok dei kleda hans og delte dei på fire, ein del til kvar soldat. Dei tok òg kjortelen, som var utan saumar, voven i eitt stykke ovanfrå og ned.