18 Der krossfeste dei han, og saman med han to andre, ein på kvar side, og Jesus midt mellom dei.
19 Pilatus hadde laga ei innskrift og sett på krossen. Der stod det skrive:«Jesus frå Nasaret, kongen over jødane.»
20 Mange av jødane las denne innskrifta, for staden der Jesus vart krossfest, låg nær byen, og innskrifta var på hebraisk, latin og gresk.
21 Overprestane til jødane sa då til Pilatus: «Skriv ikkje: ‘Kongen over jødane’, men skriv: ‘Han sa: Eg er kongen over jødane’.»
22 Pilatus svara: «Det eg skreiv, det skreiv eg.»
23 Då soldatane hadde krossfest Jesus, tok dei kleda hans og delte dei på fire, ein del til kvar soldat. Dei tok òg kjortelen, som var utan saumar, voven i eitt stykke ovanfrå og ned.
24 Då sa dei til kvarandre: «Lat oss ikkje riva han sund, men kasta lodd om kven som skal ha han.» Slik skulle {{dette ordet i}} Skrifta oppfyllast: Dei delte kleda mine mellom seg og kasta lodd om kappa.Dette gjorde soldatane.