3 Så steig dei fram for han og sa: «Ver helsa, jødekonge!» Og dei slo han i andletet.
4 På nytt gjekk Pilatus ut av borga og sa til folket: «No fører eg han ut til dykk, så de skal skjøna at eg ikkje finn skuld hos han.»
5 Så kom Jesus ut, med klungerkrona og purpurkåpa på. Og Pilatus seier til dei: «Sjå det mennesket!»
6 Men då overprestane og vaktmennene fekk sjå han, ropa dei: «Krossfest! Krossfest!» Pilatus seier til dei: «Ta de og krossfest han! Eg finn inga skuld hos han.»
7 Jødane svara: «Vi har ei lov, og etter lova er han skuldig til å døy fordi han har gjort seg sjølv til Guds Son.»
8 Då Pilatus høyrde det, vart han endå reddare.
9 Han gjekk inn att i borga og sa til Jesus: «Kvar er du ifrå?» Men Jesus gav han ikkje noko svar.