31 Det var helgaftan, og kroppane måtte ikkje bli hangande på krossen over sabbaten, for denne sabbaten var ein stor høgtidsdag. Difor bad jødane Pilatus at beina deira måtte knusast og kroppane takast ned.
32 Soldatane kom då og knuste beina, først på den eine og så på den andre som hadde vorte krossfeste saman med Jesus.
33 Då dei kom til Jesus, såg dei at han alt var død, og dei knuste ikkje hans bein.
34 Men ein av soldatane stakk han i sida med eit spyd, og straks rann det ut blod og vatn.
35 Og han som såg det, har vitna om dette, og vitneutsegna hans er sann. Han veit at det han seier, er sant, så de òg skal tru.
36 Dette hende for at dette ordet i Skrifta skulle oppfyllast: Ikkje eit bein skal brytast på han.
37 Og eit anna skriftord seier: Dei skal sjå på han som dei har gjennomstunge.