35 Og han som såg det, har vitna om dette, og vitneutsegna hans er sann. Han veit at det han seier, er sant, så de òg skal tru.
36 Dette hende for at dette ordet i Skrifta skulle oppfyllast: Ikkje eit bein skal brytast på han.
37 Og eit anna skriftord seier: Dei skal sjå på han som dei har gjennomstunge.
38 Josef frå Arimatea bad no Pilatus om lov til å ta ned Jesu kropp. Josef var ein av læresveinane til Jesus, men i løynd, for han var redd jødane. Pilatus gav han lov til det, og han kom og tok ned kroppen.
39 Også Nikodemus var der, han som kom til Jesus første gongen om natta. Han hadde med seg ei blanding av myrra og aloe, omkring hundre pund.
40 Då tok dei Jesu kropp og sveipte han i linklede med den angande salven, som skikken er ved gravferdene til jødane.
41 På den staden der Jesus vart krossfest, var det ein hage, og i hagen ei ny grav som ingen endå var lagd i.