39 Også Nikodemus var der, han som kom til Jesus første gongen om natta. Han hadde med seg ei blanding av myrra og aloe, omkring hundre pund.
40 Då tok dei Jesu kropp og sveipte han i linklede med den angande salven, som skikken er ved gravferdene til jødane.
41 På den staden der Jesus vart krossfest, var det ein hage, og i hagen ei ny grav som ingen endå var lagd i.
42 Der la dei Jesus, fordi det var helgaftan hos jødane og grava låg så nær.