1 Tredje dagen var det eit bryllaup i Kana i Galilea. Mor til Jesus var der.
2 Også Jesus og læresveinane hans var bedne.
3 Då det var slutt på vinen, sa Jesu mor til han: «Dei har ikkje meir vin.»
4 «Kva vil du meg, kvinne?» svara Jesus. «Min time er enno ikkje komen.»
5 Då sa mor hans til tenarane: «Det han seier dykk, skal de gjera.»
6 No stod det seks vasskar av stein der, slike som blir nytta i reinsingsskikkane til jødane. Kvart av dei tok to eller tre anker.