12 Sidan drog han ned til Kapernaum saman med mor si, brørne sine og læresveinane sine, og der vart dei verande nokre dagar.
13 Det nærma seg no påskehøgtida til jødane, og Jesus gjekk opp til Jerusalem.
14 På tempelplassen fann han dei som selde oksar, sauer og duer, og pengevekslarane som sat der.
15 Då laga han seg ei svepe av reip og dreiv dei alle ut av heilagdomen, og sauene og oksane med. Myntane til pengevekslarane kasta han utover og velte borda deira,
16 og til dei som selde duer, sa han: «Få dette ut herifrå! Gjer ikkje huset åt Far min til ein marknadsplass!»
17 Læresveinane hans hugsa at det står skrive: Brennande iver for ditt hus vil tæra meg opp!
18 Då tok jødane til orde og spurde han: «Kan du visa oss eit teikn på at du har rett til å gjera dette?»