19 Jesus svara: «Riv ned dette tempelet, og eg skal reisa det opp att på tre dagar.»
20 Då sa jødane: «I førtiseks år har dei bygd på dette tempelet, og du vil reisa det opp att på tre dagar?»
21 Men det tempelet han tala om, var hans eigen kropp.
22 Då han hadde stått opp frå dei døde, hugsa læresveinane hans at han hadde sagt dette, og dei trudde Skrifta og det ordet Jesus hadde sagt.
23 Medan han var i Jerusalem i påskehøgtida, kom mange til tru på namnet hans, for dei såg dei teikna han gjorde.
24 Men Jesus var ikkje fortruleg mot dei, for han kjende alle,
25 og han trong ikkje at nokon skulle vitna om mennesket. Kva som budde i mennesket, visste han sjølv.