7 «Fyll kara med vatn», sa Jesus. Og tenarane fylte dei til randa.
8 Så sa han til dei: «Aus no opp og ber det til kjøkemeisteren.» Det gjorde dei.
9 Kjøkemeisteren smaka på vatnet, som hadde vorte til vin. Han visste ikkje kvar vinen kom frå, men tenarane som hadde aust opp vatnet, visste det. Då ropa han på brudgomen
10 og sa: «Alle andre set først fram den gode vinen, og når gjestene er drukne, kjem dei med den som er dårlegare. Du har gøymt den gode vinen til no.»
11 Dette var det første teiknet Jesus gjorde; det var i Kana i Galilea. Han openberra sin herlegdom, og læresveinane hans trudde på han.
12 Sidan drog han ned til Kapernaum saman med mor si, brørne sine og læresveinane sine, og der vart dei verande nokre dagar.
13 Det nærma seg no påskehøgtida til jødane, og Jesus gjekk opp til Jerusalem.