17 Jesus seier til henne: «Rør meg ikkje, for enno har eg ikkje stige opp til Far. Men gå til brørne mine og sei til dei at eg fer opp til min Far og dykkar Far, til min Gud og dykkar Gud.»
18 Då gjekk Maria Magdalena til læresveinane og sa til dei: «Eg har sett Herren!» Og ho fortalde dei kva han hadde sagt til henne.
19 Det var om kvelden same dagen, den første dagen i veka. Læresveinane var samla og hadde stengt dørene, for dei var redde jødane. Då kom Jesus; han stod midt imellom dei og sa: «Fred vere med dykk!»
20 Då han hadde sagt det, viste han dei hendene sine og sida si. Læresveinane vart glade då dei såg Herren.
21 Igjen sa han til dei: «Fred vere med dykk! Som Far har sendt meg, sender eg dykk.»
22 Med desse orda anda han på dei og sa: «Ta imot Den heilage ande!
23 Tilgjev de nokon syndene deira, er dei tilgjevne. Held de syndene fast for nokon, er dei fasthaldne.»