19 Det var om kvelden same dagen, den første dagen i veka. Læresveinane var samla og hadde stengt dørene, for dei var redde jødane. Då kom Jesus; han stod midt imellom dei og sa: «Fred vere med dykk!»
20 Då han hadde sagt det, viste han dei hendene sine og sida si. Læresveinane vart glade då dei såg Herren.
21 Igjen sa han til dei: «Fred vere med dykk! Som Far har sendt meg, sender eg dykk.»
22 Med desse orda anda han på dei og sa: «Ta imot Den heilage ande!
23 Tilgjev de nokon syndene deira, er dei tilgjevne. Held de syndene fast for nokon, er dei fasthaldne.»
24 Tomas, ein av dei tolv, han som vart kalla Tvillingen, var ikkje saman med dei andre læresveinane då Jesus kom.
25 «Vi har sett Herren!» sa dei til han. Men han svara: «Det trur eg ikkje før eg får sjå naglemerket i hendene hans og leggja fingeren i det og stikka handa i sida hans.»