22 Med desse orda anda han på dei og sa: «Ta imot Den heilage ande!
23 Tilgjev de nokon syndene deira, er dei tilgjevne. Held de syndene fast for nokon, er dei fasthaldne.»
24 Tomas, ein av dei tolv, han som vart kalla Tvillingen, var ikkje saman med dei andre læresveinane då Jesus kom.
25 «Vi har sett Herren!» sa dei til han. Men han svara: «Det trur eg ikkje før eg får sjå naglemerket i hendene hans og leggja fingeren i det og stikka handa i sida hans.»
26 Åtte dagar etter var læresveinane hans igjen samla, og Tomas var med dei. Då kom Jesus, sjølv om dørene var stengde. Han stod midt imellom dei og sa: «Fred vere med dykk.»
27 Så seier han til Tomas: «Kom med fingeren din, sjå her er hendene mine. Kom med handa di og stikk henne i sida mi. Og ver ikkje vantru, men truande!»
28 «Min Herre og min Gud!» sa Tomas.