27 Så seier han til Tomas: «Kom med fingeren din, sjå her er hendene mine. Kom med handa di og stikk henne i sida mi. Og ver ikkje vantru, men truande!»
28 «Min Herre og min Gud!» sa Tomas.
29 Jesus seier til han: «Fordi du har sett meg, trur du. Sæle dei som ikkje ser, og endå trur.»
30 Jesus gjorde òg mange andre teikn for auga på læresveinane, teikn som det ikkje er skrive om i denne boka.
31 Men desse er nedskrivne for at de skal tru at Jesus er Messias, Guds Son, og for at de som trur, skal ha liv i hans namn.