6 Simon Peter følgde etter, og han gjekk inn. Han såg linkleda som låg der,
7 og duken som Jesus hadde hatt over hovudet. Den låg ikkje saman med linkleda, men samanrulla på ein stad for seg.
8 Då gjekk den andre læresveinen òg inn, han som var komen først fram til grava. Han såg og trudde.
9 For endå hadde dei ikkje skjøna det Skrifta seier, at han måtte stå opp frå dei døde.
10 Så gjekk læresveinane heim.
11 Men Maria stod utanfor ved grava og gret. Som ho gråtande bøygde seg fram og såg inn i grava,
12 fekk ho auge på to kvitkledde englar som sat der Jesu kropp hadde lege, ein ved hovudet og ein ved føtene.