9 For endå hadde dei ikkje skjøna det Skrifta seier, at han måtte stå opp frå dei døde.
10 Så gjekk læresveinane heim.
11 Men Maria stod utanfor ved grava og gret. Som ho gråtande bøygde seg fram og såg inn i grava,
12 fekk ho auge på to kvitkledde englar som sat der Jesu kropp hadde lege, ein ved hovudet og ein ved føtene.
13 «Kvifor græt du, kvinne?» spurde dei. Ho svara: «Dei har teke bort Herren min, og eg veit ikkje kvar dei har lagt han.»
14 Då ho hadde sagt dette, snudde ho seg og såg Jesus stå der; men ho skjøna ikkje at det var han.
15 «Kvifor græt du, kvinne?» spør Jesus. «Kven leitar du etter?» Ho tenkte det var gartnaren, og sa til han: «Herre, er det du som har teke han bort, så sei meg kvar du har lagt han, så eg kan ta han med meg.»