10 Jesus svara: «Du er ein lærar for Israel og veit ikkje det?
11 Sanneleg, sanneleg, eg seier deg: Vi talar om det vi veit og vitnar om det vi har sett, men de tek ikkje imot vitneutsegna vår.
12 Dersom de ikkje trur når eg talar til dykk om dei jordiske ting, korleis kan de då tru når eg talar til dykk om dei himmelske?
13 Ingen har stige opp til himmelen utan han som steig ned frå himmelen: Menneskesonen, {{som er i himmelen}}.
14 Og slik Moses lyfte opp ormen i øydemarka, slik må Menneskesonen lyftast opp,
15 så kvar den som trur på han, skal ha evig liv.
16 For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv.