19 Og dette er dommen: Lyset er kome til verda, og menneska elska mørkret meir enn lyset, for gjerningane deira var vonde.
20 For den som gjer det vonde, hatar lyset og kjem ikkje til lyset, så gjerningane hans ikkje skal koma opp i dagen.
21 Men den som følgjer sanninga, kjem til lyset, så det skal bli klårt at gjerningane hans er gjorde i Gud.»
22 Sidan drog Jesus og læresveinane hans til Judea. Der var han ei tid saman med dei og døypte.
23 Også Johannes døypte, i Ainon ved Salim. For det var mykje vatn der, og folk kom dit og lét seg døypa.
24 Dette var før Johannes vart kasta i fengsel.
25 Læresveinane til Johannes kom no i diskusjon med ein jøde om reinsinga.