22 Sidan drog Jesus og læresveinane hans til Judea. Der var han ei tid saman med dei og døypte.
23 Også Johannes døypte, i Ainon ved Salim. For det var mykje vatn der, og folk kom dit og lét seg døypa.
24 Dette var før Johannes vart kasta i fengsel.
25 Læresveinane til Johannes kom no i diskusjon med ein jøde om reinsinga.
26 Dei gjekk til Johannes og sa til han: «Rabbi, den mannen som var saman med deg på andre sida av Jordan, han som du vitna om, no døyper han, og alle går til han.»
27 Johannes svara: «Eit menneske kan ikkje få noko utan at det blir gjeve han frå himmelen.
28 De er sjølve mine vitne på at eg sa: Eg er ikkje Messias, men eg er send føre han.