31 Den som kjem ovanfrå, er over alle. Den som kjem frå jorda, er av jorda og talar jordisk. Han som kjem frå himmelen, er over alle.
32 Han vitnar om det han har sett og høyrt, men ingen tek imot vitneutsegna hans.
33 Den som tek imot hans vitneutsegn, har skrive under på at Gud talar sant.
34 Han som Gud har sendt, talar Guds ord, for Gud gjev Anden i fullt mål.
35 Faderen elskar Sonen, og alt har han gjeve i hans hand.
36 Den som trur på Sonen, har evig liv. Den som er ulydig mot Sonen, skal ikkje sjå livet, men Guds vreide er og blir over han.»