5 Jesus svara: «Sanneleg, sanneleg, eg seier deg: Den som ikkje blir fødd av vatn og Ande, kan ikkje koma inn i Guds rike.
6 Det som er fødd av kjøt, er kjøt, og det som er fødd av Anden, er ånd.
7 Undra deg ikkje over at eg sa til deg: ‘De må fødast på nytt.’
8 Vinden blæs dit han vil; du høyrer han susar, men du veit ikkje kvar han kjem frå, eller kvar han fer. Slik er det med kvar den som er fødd av Anden.»
9 «Korleis kan dette gå til?» spurde Nikodemus.
10 Jesus svara: «Du er ein lærar for Israel og veit ikkje det?
11 Sanneleg, sanneleg, eg seier deg: Vi talar om det vi veit og vitnar om det vi har sett, men de tek ikkje imot vitneutsegna vår.