1 Jesus fekk no vita kva farisearane hadde høyrt: at han vann fleire læresveinar og døypte fleire enn Johannes.
2 No var det ikkje Jesus sjølv som døypte, men læresveinane hans.
3 Då tok han ut frå Judea og drog til Galilea igjen.
4 Han måtte dra gjennom Samaria,
5 og der kom han til ein by som heiter Sykar. Byen ligg nær det jordstykket som Jakob gav Josef, son sin.
6 Der var Jakobskjelda. Jesus var sliten etter reisa og sette seg ned attmed kjelda. Det var omkring den sjette timen.