12 Du er vel ikkje større enn Jakob, stamfaren vår, som gav oss brønnen og sjølv drakk av han, både han, sønene hans og buskapen hans?»
13 Jesus svara: «Den som drikk av dette vatnet, blir tørst att.
14 Men den som drikk av det vatnet eg vil gje, skal aldri meir tørsta. For det vatnet eg vil gje, blir til ei kjelde i han med vatn som bryt fram og gjev evig liv.»
15 Kvinna seier til han: «Herre, gjev meg det vatnet, så eg ikkje blir tørst meir og ikkje treng koma hit og henta opp vatn.»
16 Då sa Jesus til henne: «Gå og hent mannen din og kom tilbake hit.»
17 «Eg har ingen mann», svara kvinna. «Du har rett når du seier at du ikkje har nokon mann», sa Jesus.
18 «For du har hatt fem menn, og han du no har, er ikkje din mann. Det er sant, det du sa.»