40 Og då samaritanane kom ut til han, bad dei han vera hos seg, og han vart verande der to dagar.
41 Og mange fleire tok til å tru fordi dei fekk høyra hans eige ord,
42 og dei sa til kvinna: «No trur vi ikkje lenger på grunn av det du sa, for vi har høyrt han sjølve. Og vi veit at han verkeleg er den som skal frelsa verda.»
43 Då dei to dagane var gått, drog Jesus ut derifrå og fór til Galilea.
44 For han hadde sjølv vitna om at ein profet ikkje blir æra på sin eigen heimstad.
45 Då han kom til Galilea, tok folket der vel imot han, for dei hadde sett alt det han gjorde i Jerusalem i høgtida. Også dei hadde vore der i høgtida.
46 Så kom Jesus igjen til Kana i Galilea, der han hadde gjort vatn til vin. I Kapernaum var det ein kongeleg embetsmann, og son hans var sjuk.