43 Då dei to dagane var gått, drog Jesus ut derifrå og fór til Galilea.
44 For han hadde sjølv vitna om at ein profet ikkje blir æra på sin eigen heimstad.
45 Då han kom til Galilea, tok folket der vel imot han, for dei hadde sett alt det han gjorde i Jerusalem i høgtida. Også dei hadde vore der i høgtida.
46 Så kom Jesus igjen til Kana i Galilea, der han hadde gjort vatn til vin. I Kapernaum var det ein kongeleg embetsmann, og son hans var sjuk.
47 Då han fekk høyra at Jesus var komen frå Judea til Galilea, gjekk han til Jesus og bad han koma ned og gjera son hans frisk, for det stod om livet.
48 Jesus svara: «Ser de ikkje teikn og under, så trur de ikkje.»
49 Mannen seier til han: «Kom, Herre, før guten min døyr!»